onsdag 28. oktober 2009

.

Kristne betalar skatt.

.

Strid om kristne sine rettar til å få tilskot til sitt arbeid, kjem fram rett som det er. Nokre regjeringar og nokre statsrådar er ekstra ivrige til å strama inn. Då tenkjer eg ein tanke som eg trur må vera eit argument: Me kristne betalar óg skatt. Me er ein vesentleg del av folket i Noreg. Vil ikkje det seia at kristne skular og kyrkjer m.m. har faktisk ein legitim rett til ein del av kaka? Det som vert gjeve, har lenge vore i minste laget.

.

Me har hatt otte i oss lenge. Og me spør: Kva nå, med nokre nye kostar i riksstyret? Dei fleste er kjende nok, og me anar vel kva lei det vert. Eg har undra meg mange gonger: Kva rett har ein person frå eit lite parti til å styra eit heilt folk i viktige religiøse saker? Det er ikkje lett å skjøna at det er ekte demokrati. Eit statsstyre er der vel til folket sitt gagn?

.

Nils Dybdal-Holthe.