fredag 21. august 2009

Politikk og kristendom

Eg høyrde eit par debattar nå før valet. Det handla om kristendom og fråfallet i landet vårt.
Då kom noko underleg: Alle ville visst vera kristne. Eg reknar meg som kristen, sa ein statsråd- det fekk meg til å stussa litt. Ikkje at han er verre enn andre, han ser ut som ein grepa kar.
Men veit han og dei andre kva kristendom eigentleg er? Kva legg dei eigentleg i det?

Det kan sjå ut slik:
- Er du døypt i kyrkja, er du ein kristen.
- Går du til kyrkje på dei store heilagdagar, er du kyrkjegjengar og ein kristne.
- Let du borna dine døypast og konfirmerast, høyrer du kyrkja til og er kristen.
- Vil du ta vare på tradisjonane og særleg gamle og vakre kyrkjer, er du vel kristen?

Og litt meir slikt.

Men er det rett? Viss me har kjærleik til sanninga, vil me vel fram til sanninga om kristendom også? Det er berre ein stad me kan finna sanninga om dette, det er i Bibelen. Me kjem aldri frå det, at Bibelen er den einaste boka som har autoritet i denne saka. Vil du vita kva kristendom er, må du lesa Bibelen og tru den. Der finn du svaret.
- Der vil du lesa om skapinga. Mennesket er Guds fremste skapning. Du kan aldri stilla mennesket ved sida av dyra og seia dei er like.
- Der vil du lesa om synd. Du kjem aldri til rette med sann kristen tru om du ikkje tar synda med. Den er ein nøkkel til å forstå kva kristendom er. Det kjem ingen utanom. Og merk: Alle menenske er syndarar for Gud og like skuldige for han. Det er når du ser inn i det, at du ser kva Jesus tyder i denne verda.
- Der les du om Jesus, den einaste sanne frelsar. Og han er Guds Son. I lys av synda blir det klårt kvifor han kom til jord, og kvifor han måtte koma hit.

Då ser du også at du har bruk for han som ein personleg frelsar, og at han er den einaste som kan berga di sjel. Har desse politikarane og kjendiasane som står fram og vil vera kristne - har dei skjøna det? Har du?

Ennå er det tid å ordna saka. Vil du gjera det nå?
ndh.