Etter påske.
Påske er den viktigaste høgtida for
kristenfolket. Store ting hende i verda, til beste for alle som vil tru og ta
imot. Julehelga talar om Jesu kome til jord. Det var eit under. Og i pinsehelga
kome Anden, han skulle vera Jesu representant på jorda.
Og
mellom desse ligg påske. Det var då Jesus gjorde si gjerning. I tida etter
påske får me leva i lys av dette. For då gjorde Jesus noko som ingen andre
kunne. Også det er eit under. Ikkje ein gong englane kunne gå i hans plass, og
slett ikkje noko menneske.
Det var ikkje politikk eller kultur og
sosialarbeid. Jesu gjerning var religiøs. Skal me forstå poenget med det han
gjorde, må me tenkja med religiøse ord! Av di menneska hadde synda grovt mot
Gud, måtte Gud døma og straffa – slik det òg er vanleg i ein rettsstat. Hvis
alle skulle dømast, ville det betyr at heile verda gjekk fortapt for alltid.
Då kom Jesus. Han tok dom og straff og sona
alt for alle då han døyde og stod opp. Difor er påske den STORE dagen for oss.
Alt er ferdig for alle, men kvar og ein må ta imot det.
Nils Dybdal Holthe.